Dette anbefaler Belinda Braza å se på årets festival

Belinda Braza Semper Eadem Abdul Hkeem
Dette anbefaler Belinda Braza å se på årets festival

Som regissør, koreograf og kunstnerisk leder for Det Norske Teatret i Groruddalen, har Belinda Braza en finger med i spillet på flere av årets festivalforestillinger. I fjor hadde hun regi på selve Heddaprisutdelingen. Belinda kan sies å være en særdeles god venn av Heddadagene, og her kommer hennes mange fine tips til årets program!

Programmet til Heddadagene er ekstra sterkt i år!
Eg må spesielt trekke fram sideprogramma som t.d: 

INPUT, som er ein seminarserie med fagleg input, inspirasjon og påfyll til teater-teknikarane, som er essensielle i alle teaterframsyningar! Det heiar eg massivt på!

Eg vil også trekkja fram Kunstnersamtalen: Spesialistar på scenekunst for barn
Der får ein høyra frå tre av dei mest framståande teaterkunstnarane som lagar banebrytande teater for barn og unge!

Eg vil også prøva å få med meg Kunstnersamtalen: Korleis snakka betre om kjønn i scenekunsten. Dette er brennaktuelt, viktig og svært spennande tematikk som eg håpar at mange får med seg.

"Utvik Senior". Foto: Marius Fiskum

Hør'a dagbok

"Hør'a, dagbok!". Foto: Jonathan Vivaas Kise

Det er elles ekstremt vanskeleg å skulla velja eit knippe framsyningar, men viss eg er så heldig å få billettar og plass ville eg definitivt ikkje gått glipp av:

Døden på Oslo S
Her har Nationaltheateret skapt teater i ny form, og utvidar grensene for kor scenekunsten kan finna stad. Rå-tøft og modig!

Hør'a, dagbok
Riksteatret/Oslo Nye teater/Hålogaland Teater er også modige og banebrytande når dei satsar på hiphop-musikal, skapt av den eineståande Amina Sewali! A must see, uavhengig om du er eller har med deg barn.

Utvik Senior
Denne framsyninga har hausta strålande kritikkar og tek for seg ei hending som har sett spor i Norsk historie. 

Du må sjølvsagt få med deg noko dans! Og her vil eg sterkt anbefale Elle Sofe Sara og BIRGET; ways to deal, ways to heal!

Eg skal definitivt også få med meg:

Stor cic-energi

Ivars kro

Eid av Oslo kommune

Eg er sjølvsagd heilt inhabil, men det ville vore løgn om eg ikkje seier høgt at eg håpar så mange som mogleg vil sjå Semper Eadem, Hovedscenen ved Det Norske Teatret, og Abdul ≈ Hkeem, på Det Norske Teatret i Groruddalen/Rommen scene. Begge framsyningane har eg hatt regi, og med-regi på, og er veldig veldig stolt av dei!

Ha ei strålande teaterfestival, og nyt dei kollektive, vakre samlingspunktane som vi aldri må ta for gitt igjen.

Kjærleik!