Festival over heile landet

Festival over heile landet

35 scenekunstinstitusjonar frå heile Noreg bidreg til å skape Heddadagene. I år er det dessverre ikkje mogleg å samle alle i Oslo, men i staden for å avlyse blir festivalen markert hos kvart enkelt bidragsytar som ei felles feiring i perioden frå 4. – 30. juni.

Den usikre situasjonen koronapandemien set oss i, gjer at det ikkje er mogleg å gjennomføre Heddadagene som planlagt. I staden blir festivalen i år ei felles markering over heile landet der programmet inkluderer repertoaret til dei 35 scenekunstinstitusjonane som står bak festivalen.  

«Vi hadde verkeleg trua tidlegare i vår på at det skulle vere mogleg å avvikle Heddadagene i Oslo i juni. Dessverre er smittesituasjonen enda såpass ustabil at vi ikkje kan samle folk frå heile landet til festival i Oslo. Men vi ønskjer likevel å markere at det i festivalperioden blir spelt eit mangfald av framsyningar alle stadene scenekunstinstitusjonane er. Slik blir det likevel ei felles mønstring - kvar for oss.» seier Solrun Toft Iversen, leiar av Heddakomitéen og teatersjef ved Det Vestnorske Teatret.