Eit viktig felles møtepunkt

Eit viktig felles møtepunkt

«Etter at festivalen vart avlyst i 2020, og slik som tida enno er, blir det det i år ekstra viktig å kunne ha eit felles møtepunkt og ei feiring av mangfaldet og oppdrifta i teatra.» seier Solrun Toft Iversen, leiar av Heddakomitéen og teatersjef ved Det Vestnorske Teateret.

Heile 35 teater og scenekunstinstitusjonar, frå Kristiansand i sør til Kautokeino i nord og frå Hamar i aust til Haugesund i vest, står bak teaterfestivalen. Det er dei kunstnariske leiarane ved teatra som vel ut framsyningar frå eige repertoar til det som blir eit festivalprogram med eit breitt utval av framsyningar, arrangement og fagprogram. 

Etter eit år prega av avlysingar, utsette premierar og publikumsrestriksjonar planlegg no teater-Noreg å samle seg i Oslo til Heddadagene 4. - 13. juni. 

 "Stadig skiftande smitteverntiltak gjer det svært vanskeleg for teatra å planlegge, men så framt Oslo ikkje er heilt stengt i juni har vi tru på at det er mogleg å lage ein god festival innanfor trygge rammer" seier Toft Iversen.

Festival med glede og stor optimisme
Teater- og scenekunstinstitusjonane i Noreg er av dei som har vore råka hard av smittevernsrestriksjonane sidan mars 2020, og mange har i lengre periodar ikkje kunne spelt for publikum. «Vi i Heddakomitéen har stor tru på at Heddadagene kan få løfta fram det gode teaterarbeidet som vart arbeida fram under vanskelege høve under pandemien og gje teatra eit naudsynt løft etter eit utfordrande år. Så det er med glede og optimisme vi ser fram til å møtast til i juni» seier Toft Iversen.


Foto: Erika Hebbert, henta frå framsyinga Moby Dick.