Velkommen til Heddadagane 2019
Når eg byr velkommen til dei tredje Heddadagane i historia, gjer eg det saman med 32 andre kunstnarlege leiarar.
Saman byr vi på eit program som er tufta på kva dei ulike teatera ynskjer å vise fram frå repertoaret sitt det siste året. Vi har gleda oss til å vise fram dette saman. Vi har gleda oss til å sjå eksempel på det vi møtte publikum med i sesongen 2018/19 i ein samla kontekst. For likesom dei enkelte framsyningane alle har noko på hjarta i sitt møte med publikum har også festivalen i heilskap det. Den viser mangfaldet i det norske teaterfeltet. Under desse dagane kryssast spor som elles går kvar for seg i nettverket av institusjonar i heile landet. Saman utgjer vi eit stort spenn. Eit spenn i språk, format, uttrykk, dialekter, kulturreferansar og målgrupper. Konturane av teaternorge teiknar seg i festivalen sitt mangfald, og ikkje minst i vilja til fellesskap som ber den fram. På grunn av denne vilja kan vi tilby meir enn 45 framsyningar frå heile landet på 8 dagar. Mitt håp er at dagane kan gje både sterke teateropplevingar og ei skjerpa kjensle av spennet i feltet.
Sjølv ser eg fram til mange framsyningar eg ikkje rakk å få med meg førre sesong, og minst like mykje til å bli presentert for dei eg ikkje visste av eg hadde gått glipp av.
Mange gler seg til å vise fram det dei brenn for og verte inspirert av andre. Vi gjer det fordi vi vil vere saman. Vi tenker at heilskapen og fellesskapet er verdt å løfte fram. Og kanskje mest av alt fordi vi – som teaterfolk – heilt grunnleggande trur på at vi blir klokare og sterkare i lag. Takk for at du vil vere i lag med oss.